Storstein (Bykle gnr. 17 bnr. 3)
Utsjånad
Storstein er eit fråflytta gardsbruk (gnr. 17 bnr. 3) i Trydal i Bykle. Storstein har tunet sitt, det som er att av det, oppi bakkane på austsida av Trydalstjønni, ovanfor Strondi og Strandehagen.
Staden blei truleg rydda ein gong i tidsromet 1683–1711, og skilt ut som eige bruk i 1712. Eivind Såvesson Trydal (f. 1875, d. 1951) var den siste drivaren. Heimelshavar til eigedomen (2023) er Kari Trydal (f. 1968).
Kjelder
- Artikkelen om Storstein på Lokalhistoriewiki.no, som igjen er henta frå Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk