Valle Bensin

Valle Bensin var selskapet som dreiv Esso-stasjonen i Valle 2011-2017. Selskapet vart oppretta 26. januar 2011 av Steinar Homme og Ketil Homme. Aksjekapitalen var på 300.000 kroner og brørne hadde 50% kvar. Silje Brottveit var dagleg leiar av selskapet ved starten og Edvin Brottveit var styreleiar. I oktober 2011 tok Ketil Homme over som styreleiar og Steinar Homme tok over som dagleg leiar.
Valle Bensin er vel ein av få bensinstasjonar i Norge som har fått ein eigen sang. Lillebjørn Nilsen skreiv sangen Valle auto & bensin.
Selskapet meldte oppbud hausten 2017.