Hopp til innhald

Eikerapen Roots Festival

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. august 2017 kl. 09:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om 2017)

Eikerapen Roots Festival er ein musikkfestival som blir arrangert i Eikerapen i Åseral kvar sommar. Første gong festivalen blei gjennomført var i 2004.

2017

Festivalen blei arrangert frå torsdag 3. august - lørdag 5. august 2017. Han var ein dag kortare enn tidlegare år. Omlag 4 500 menneske løyste billett. Lørdagen var best besøkt, med rundt 1700-1800 menneske.

2016

I 2016 var festivalen frå 3. august - 6. august. Om lag 8 000 publikummarar gjesta festivalen. Festivalen dette året gjekk med eit samla underskot på 272 000 kroner. Svikt i sponsorinntektene var viktigaste årsak.

Kjelder

Eksterne lenker