Knut K. Løyland
| Knut K. Løyland | ||
|---|---|---|
| Født: | 6. mars 1868 | |
| Død: | 1945 (alder 76–77) | |
Knut Knutson Løyland (fødd 1868, død 1945) var ordførar i Valle frå 1917 til 1922.
Faren Knut Olsson Løyland f.1826 tok over ordførarklubba etter prost Peter Blom, som var den første ordføraren i Valle etter at formannskapslovene vart innførde i 1865. Blom gav seg i 1880. Knut K. Løyland gifte seg i 1890 med Inger Torjusdtr. Rygnestad Nistog Bnr 3. Knut åtte bruket Graver Bnr. 6 som låg under Norstog Bnr 1, han fekk bruket i 1892. Graver fekk då eige bruksnummer, men her vart Knut og Inger ikkje buande for godt, han gifte seg til Nistog Rygnestad som kona arva etter sin far og selde bruket i Graver til ein eldre bror.
I 1916 var Knut K Løyland ordførar. På den tid tok han og ordføraren i Lårdal Johannes Hegna oppatt vegspørsmålet mellom Skafså og Valle som hadde lege i dvale sia 1890-åra. Knut K Løyland var og ein av leiarane i ungdomsarbeidet i Valle frå 1900 og utover. Kristelig ungdomslag vart skipa i 1903, det håndskrivne bladet fekk namnet Vårlauv og bladstyrar var Ketil Rygnestad. Attåt presten og klokkaren var Knut K. Løyland formann i laget. Han vart rekna som eldhuga og pliktoppfyllande. Det vart mange seine kvelder då garden låg ei mils veg frå Valle sentrum og føtene var fremkomstmiddel.[1]
Familie
- Han var oldefar til Torjus Rygnestad, Torhild Lunden og Olav K. Hovet[2]
Referansar
- ↑ Informasjon frå Pål Dale i samband med at biletet vart lagt ut på Facebook-gruppa Bilder av Bykle og Valle i gamle dager
- ↑ Opplyst i samtale på Facebook