Anne Norli
Anne Norli (fødd 1943) bur på Byglandsfjord. Ho er leiar av Råd for eldre og funksjonshemma i Bygland frå 2011. Ho arbeidde i Televerket til 1973, deretter var ho på Landeskogen frå 1973 til 1985. Så tok ho hjelpepleiarutdanning og arbeidde deretter på Evjeheimen til ho gjekk av med AFP i 2006. Ho var aktiv i Fagforbundet og leiar der i ein periode.
Kjelde
- Opplyst i samtale 4. mai 2012