Sloaros
Sloaros er ei turisthytte på 1050 meter over havet i Bykle kommune. Ho ligg ved den austre av di to osane der Langevatn renn ned i Slorarosvatnet. Hytta vart bygd i 1966, sikringsbua i 1983, og begge vart ombygde i 1993. Hytta har 22 senger og det er lagt ut proviant på hytta som ein kan nytte ved sjølvbetjening. Ein kjem til Sloaros ved å gå frå Hovdehytta, først langs bilveg, så langs traktorveg og så langs Hardingvegen til Sloaros.
Namnet
Slo er eit krøttertråkk. Dermed fortel namnet at tråkket krysser eit os.
I gamle dagar kom hestehandlarar frå Hardanger med lange rekker av hestar som dei ville selje i Setesdal. Dei kom etter Hardingvegen frå Røldal om Holmavatn, truleg langs austsida, over Sloaros, gjennom Hardingskardet og Krossloskardet ned til Breive.
Kart
Sloarosvatnet på kart <googlemap version="0.9" lat="59.647535" lon="7.25544" type="terrain" zoom="14"></googlemap>
Kilder
- Artikkel om Sloaros i Årbok 1992 - 1996 for Kristiansand og opplands turistforening side 60ff.