Tappen
Tappen DA er namnet på storkiosken, kafeen og gatekjøkkenet på den tidlegare Shellstasjonen i Bygland sentrum. Stasjonen vart automatisert hausten 2010 og drifta av butikkdelen av stasjonen stogga. Frå november 2010 til 31. mars 2012 drifta Gro Tove Frafjord Helle og Tone Simonstad Knutsen ein kafé i lokala. 1. april 2012 blir drifta overteke av Monica Helle frå Rysstad som i tillegg til kafédrifta og vil ta seg av sal av noko bilrekvisita og bensin. Vaskehallen skal og opnast att. Husflidslaget har sine strikkekaféar her kvar 2. og 4. torsdag i månaden.
2010-2012
I november 2010 opna Gro Tove Frafjord Helle og Tone Simonstad Knutsen, som også dreiv Bjoren Brygge, stasjonsbygningen for å drive i ei ny form. Dei held ope frå 12 til 20 til vanleg, men til 21 fredag og sundag. I tillegg til kioskvarer forhandla dei og noko bilrekvisita, som motorolje, lyspærer, sikringar, vindusviskarar og spylevæske.
Dei dreiv og catering frå Tappen, med eit smørekjøkken i det tidlegare bakromet på stasjonen.
Kjelde
- Setesdølen nr. 95, 2010, side 6
- Setesdølen nr. 20, 2012, side 4