Hopp til innhald

Husevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. september 2016 kl. 09:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av vegen)
Starten på Husevegen ved osen til Store Reiårsvatn.

Husevegen er ein skogsbilveg på nord-vestsida av Store Reiårsvatn på heia sør for Ose i Bygland. Han går frå Reiårsvatnvegen i nordenden av vatnet i vestleg retning til støylen Huset og vidare i retning sør til Fisstøyl. I same området ligg også Kvislestøyl. Desse støylane høyrer til Moi.

Det var folk frå Moi og Ose som finansierte og bygde denne vegen tidleg i 1980-åra. Vegen er stengd med bom.

Kjelder

Kart

Laster kart ...