Terje Greibesland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. april 2014 kl. 09:18 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida litt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Greibesland

Terje Greibesland (fødd 1966) er administrerande direktør i L/L Setesdal Bilruter. Med den stillinga følger også stilling som direktør i Birkeland Busser, Setesdal Bilruter Eigedom AS og Setesdal Bilruter Verkstad AS. Han har to periodar bak seg i Bygland kommunestyre og stod øvst på Bygland Bygdeliste 2011, noko som gav han plass i kommunestyre og formannskap fram til 2015.

Av Bygland kommunestyre er han vald til styret for KVS-Bygland AS og Setesdal Informasjons- og Kompetansesenter AS. I begge desse er han nestformann.[1] Han er og styremedlem i NHO Agder.

Sjølv om han har travle dagar som leiar av selskapet, står han nederst på vikarlista, så når det er vanskeleg å få vikarar til eit kjøreoppdrag, hender det at han set seg bak rattet sjølv.

Kjelder

Referansar