Bygland gard og ætt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. november 2011 kl. 16:52 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bygland sogenemnd)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygland Gard og Ætt er gards- og ættesoge for Bygland. Reidar Vollen er forfattaren av verket, som vart starta opp i 2002. Med seg har han Reidar Larsen frå Byglandsfjord, som har hovudansvaret for bileta og Andres Helle, som bur i Kristiansand, vart med på arbeidet til band 2 og har hatt ei rekke praktiske oppgåver sidan. Arbeidet vert styrt av Bygland sogenemnd.

Banda

  1. Birkeland, Langeid, Hegland, Ånebjør. 2002. 510 s. ISBN 82–993677–2–7.
  2. Sordal, Tveit, Heistad, Moi. 2003. 606 s. ISBN 82-993677-3-5.
  3. Austad, Ose, Skore, Kile. 2005. 819 s. ISBN 82–993677–4–3.
  4. Frøysnes, innleiing til Åraksbø, Nordenå, Gakkestad, Lidtveit, Haugetveit, Rosevall, Segberg. 2006. 647 s. ISBN 82-993677-5-1.
  5. Resten av Åraksbø, gnr. 26 til 31: Stoplestog, Nedstoga, Eldhuset, Nordgarden, Haugen 2008 629 s. ISBN 978-82-993677-6-9
  6. Sandnes, Skomedal. - 2009. 644 s. ISBN 978-82-993677-7-6

Kjelde

  • Informasjon i band 5