Trond Arne Rugland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. oktober 2011 kl. 10:54 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bytta bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Trond Arne Rugland

Trond Arne Rugland (fødd 16. juni 1985 i Stavanger) bur på Hovden og er reinhalder på Hovden Skigymnas. Han er utdanna bakar, men hans store interesse er løping, og han vert trent av Bjarne Vad Nilsen. Mykje trening skjer på tredemølle og på ski og han tek sikte på å ha ei løpsmengde på 10 mil i veka. 9. oktober 2011 deltok han i München halvmaraton i Tyskland og vart nr. 2 av 3300 deltakarar med tida 1.07,20, 13 sekund bak vinnaren. I 2010 vann han Brokkedilten på tida 10.06.

Personlege Rekordar:

  • 800 m: 2.12,7 (2009)
  • 1500 m: 4.04,42 (2011)
  • 3000 m: 8.36,01 (2011)
  • 5000 m: 14.39,89 (2009)
  • 10000 m: 30.21,46 (2009)
  • 5 km: 15.04 (2011)
  • 10 km: 30.16 (2011)
  • 15 km: 48.02 (2011)
  • Halvmaraton:1.07,20 (2011)
  • Maraton: 3.05,27 (2005)

Kjelder

Eksterne lenker