Jorunn Budalshei

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. september 2014 kl. 12:18 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åse Jorunn Nordenborg Budalshei (fødd 1936) kom til Iveland i 1959. Ho arbeidde i helsevesenet og er kjent for sine mange prologar til ulike arrangement i kommunen. Mest kjent er ho nok likevel for arbeidet med å få fram att den gamle Ivelandskofta og bunaden. Ho var aktiv i det frivillige foreningslivet, mellom anna i Iveland ungdomslag og Iveland bygdekvinnelag. Ho fekk fart på leikarringen og var ei viktig drivkraft bak trekkspelklubben i 1970-åra. Sangen hennar, Vil du være med i idrettshallen, vart mykje nytta veed samlingar i Ivelandshallen. Ho har vore ei eldsjel bak Bestestaua og var saman med Finn Bjørn Rørvik grunnleggjaren av Bygdebrevet. For innsatsen sin fekk ho Iveland kommune sin kulturpris for 2014.

Kjelde