Hopp til innhald

Karstein Lie: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Karstein Lie
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenkefiks
Line 4: Line 4:


==Kjelde==
==Kjelde==
*Salve Øina: ''Karstein Lie 80 år''. Artikkel i [[Setedølen nr. 16, 2008]] side 9
*Salve Øina: ''Karstein Lie 80 år''. Artikkel i [[Setesdølen nr. 16, 2008]] side 9


{{DEFAULTSORT:Lie, Karstein}}
{{DEFAULTSORT:Lie, Karstein}}

Versjonen frå 26. september 2011 kl. 21:54

Karstein Lie (fødd 27. februar 1928) bur på Frøyså i Iveland kommune. Han vart fødd i Øvrebø og vaks opp i eit bygdemiljø. I 1956 gifta han seg med Malli Frøysaa og flytta til garden ho kom frå. Etter nokre år som bonde tok han til som produksjonsrettleiar i meierisamvirket attåt drifta av garden. Då reiste han over heile Agder og noko av nabofylka. I ein periode var han og timelærar på Vest-Agder landbruksskole i Søgne. Garden vart overført til den eldste sonen då Karstein Lie vart pensjonist. I 1994 døydde Malli. Som pensjonist tok han i 1998 til å studere historie ved Høgskulen i Telemark, avdeling Bø og tok både grunnfag og mellomfag. Han studerte også arkeologi.

Karstein Lie engasjerte seg i Iveland og Vegusdal bygdemuseum, der han i lang tid var styreleiar og tok seg av den daglege drifta. Han sat og i redaksjonskomiteen for Bygdebok for Iveland V, der han særleg arbeidde med biletmaterialet.

Kjelde