Dreng Brokka: Skilnad mellom versjonar
omkat |
s Personmal |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 23| fmåned = 5| får = 1904| ddag = 28| dmåned = 4| dår = 1993| skjulfødselsdag = }} | |||
'''Dreng P. Brokka''' (fødd 23. mai 1904, død 28. april 1993) var bonde på [[Brokka]] i [[Oveinang]] og [[ordførarar i Valle kommune|ordførar i Valle kommune]] frå 1963 til 1975. Alt i 1946 vart han vald inn i [[Valle kommunestyre]] for Bondepartiet. Han var formann i forliksrådet og likningsnemnda, medlem av skulestyret og jordstyret og fleire andre kommunale nemnder og råd. Han var og med i Aust-Agder fylkesting og i fylkesutvalet og han var skjønsmann, takstmann og domsmann. | '''Dreng P. Brokka''' (fødd 23. mai 1904, død 28. april 1993) var bonde på [[Brokka]] i [[Oveinang]] og [[ordførarar i Valle kommune|ordførar i Valle kommune]] frå 1963 til 1975. Alt i 1946 vart han vald inn i [[Valle kommunestyre]] for Bondepartiet. Han var formann i forliksrådet og likningsnemnda, medlem av skulestyret og jordstyret og fleire andre kommunale nemnder og råd. Han var og med i Aust-Agder fylkesting og i fylkesutvalet og han var skjønsmann, takstmann og domsmann. | ||
Versjonen frå 27. september 2014 kl. 21:12
| Dreng Brokka | ||
|---|---|---|
| Født: | 23. mai 1904 | |
| Død: | 28. april 1993 (88 år) | |
Dreng P. Brokka (fødd 23. mai 1904, død 28. april 1993) var bonde på Brokka i Oveinang og ordførar i Valle kommune frå 1963 til 1975. Alt i 1946 vart han vald inn i Valle kommunestyre for Bondepartiet. Han var formann i forliksrådet og likningsnemnda, medlem av skulestyret og jordstyret og fleire andre kommunale nemnder og råd. Han var og med i Aust-Agder fylkesting og i fylkesutvalet og han var skjønsmann, takstmann og domsmann.
I hans tid som ordførar hadde Valle kommune sterk vekst på grunn av kraftutbygginga, og Dreng P. Brokka arbeidde mykje med planane om å få til veg mellom Brokke og Suleskar. I hans tid vart barne- og ungdomsskulen bygd, soknehuset på Rysstad og samfunnshuset i Valle, Valle alders- og sjukeheim og fleire kommunale bustader vart og bygde i denne tida. Aust-Agder fylke bygde også husstellskule og yrkesskule i Valle i denne perioden.
Garden i Brokka overtok Dreng P. Brokka alt i 1943. Han var sterkt engasjert i skogsdrifta på garden han hogg tømmer og planta skog og fekk tid til å engasjere seg som formann i Valle skogeigarlag i 12 år.
Dreng P. Brokka var gift med Ingebjørg O. Brokka (fødd 18. oktober 1911, død 2. mai 1988). Bjørg Brokka Rike er dotter deira og overtok Brokka etter foreldrene.
Kjelde
- Kommunalpolitisk veteran i Valle runder 75 år. Omtale i Agderposten 22. mai 1979