Kaldeskardnutan: Skilnad mellom versjonar
s lenke |
s robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: ) |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
==Kart== | ==Kart== | ||
{{#display_points:59.36503, 7.47790|type=terrain}} | {{#display_points: 59.36503, 7.47790|type=terrain}} | ||
[[Kategori:Fjell i Valle]] | [[Kategori:Fjell i Valle]] | ||
Siste versjonen frå 31. juli 2014 kl. 12:04

Kaldeskardnutan er ein dobbeltopp som ligg nordvest for Store Bjørnevatn på grensa mellom Valle kommune og Bykle kommune. Høgda er 1342 moh., men dette er eit greit terreng å gå i om ein vil til topps. Her kan ein fylgje ei mykje bruka løype som er oppmerka av Turistforeninga. Denne går mellom Store Bjørnevatn og Stavenes i Bykle. Då fylgjer ein skorta opp Mjågeskor, noko som er ei fin oppleving. For dei som slit med høgdeskrekk, så kan nok Mjågeskor verka skræmande, serleg om ein gjeng ned. Frå der den merka løypa er på sitt høgaste, må ein finna sin eigen veg vidare mot Kaldeskardnutan.
Høgast i Valle austhei?
Den søndre toppen av Kaldeskardnutan er høgast med 1342 moh. Denne ligg i Bykle kommune, medan kommunegrensa mellom Valle og Bykle delar den nordre toppen. Sjølve toppunktet her ligg i Bykle, og er 1339 moh. Etter kartet skal grenselina mot Valle gå vel 20 meter aust for toppen, og skulle då den luten som ligg i Valle vera meir enn 2 meter lågare, så er ikkje dette høgaste staden i Valle austhei. Det vert derimot Reindalsfjellet med sine 1337 moh. Dette fjellet ligg rett nord for Store Bjørnevatn, og lengst nord i Valle austhei.
Kjelder
- Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 side 26. ISBN 978-82-998304-4-7