Storevassdammen: Skilnad mellom versjonar
s →Kjelder |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Storvassdammen 5.JPG|mini|høgre|Storevassdammen. {{Byline|Martin NH/Wikipedia}}]] | |||
'''Storevassdammen''' er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av asfalt. Han ligg i [[Bykle|Bykle kommune]]. Han demmer opp Storvatn-delen av kraftmagasinet [[Blåsjø]] mot sør-aust, og er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er dette den største fyllingsdammen i Norge. Damkrona er 1,4 km lang, og på det høgaste er dammen 90 meter høg. Den største breidda i botnen er 300 meter. | '''Storevassdammen''' er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av asfalt. Han ligg i [[Bykle|Bykle kommune]]. Han demmer opp Storvatn-delen av kraftmagasinet [[Blåsjø]] mot sør-aust, og er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er dette den største fyllingsdammen i Norge. Damkrona er 1,4 km lang, og på det høgaste er dammen 90 meter høg. Den største breidda i botnen er 300 meter. | ||
Siste versjonen frå 25. august 2026 kl. 05:49
Storevassdammen er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av asfalt. Han ligg i Bykle kommune. Han demmer opp Storvatn-delen av kraftmagasinet Blåsjø mot sør-aust, og er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er dette den største fyllingsdammen i Norge. Damkrona er 1,4 km lang, og på det høgaste er dammen 90 meter høg. Den største breidda i botnen er 300 meter.
Det går asfaltert anleggsveg, Blåsjøvegen, frå Fv-632 ved Hovestølen i Suldal inn i fjellheimen til Blåsjø og Storevassdammen.
Dammen ligg i Steinbuskardet-Hisdal biotopverneområde. Då dammen vart bygd, grov dei ned ein drivstofftank i den. Når tanken rustar, lekk diesel ut i vassdraget. Arbeidsutvalet i verneområdestyret for Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde gav i mai 2025 Statkraft Energi løyve til motorferdsel i området for å fjerne tanken i seks veker frå 15. august 2025.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Fjernar drivstofftank i verneområde. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2025 side 11
- Artikkelen om Storvassdammen på Wikipedia (bokmål), besøkt 31. mars 2019
- Norgeskart.no