Storevassdammen: Skilnad mellom versjonar
Storevassdammen |
Flyttet stoffet fra annen artikkel om Storevassdammen hit før sletting av den andre artikkelen (duplikat) |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Storevassdammen''' er ein | '''Storevassdammen''' er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av asfalt. Han ligg i [[Bykle|Bykle kommune]]. Han demmer opp Storvatn-delen av kraftmagasinet [[Blåsjø]] mot sør-aust, og er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er dette den største fyllingsdammen i Norge. Damkrona er 1,4 km lang, og på det høgaste er dammen 90 meter høg. Den største breidda i botnen er 300 meter. | ||
== | Det går asfaltert anleggsveg, [[Blåsjøvegen]], frå Fv-632 ved [[Hovestølen]] i [[Suldal]] inn i fjellheimen til Blåsjø og Storevassdammen. | ||
Dammen ligg i [[Steinbuskardet-Hisdal biotopverneområde]]. Då dammen vart bygd, grov dei ned ein drivstofftank i den. Når tanken rustar, lekk diesel ut i vassdraget. Arbeidsutvalet i verneområdestyret for [[Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde]] gav i mai 2025 [[Statkraft Energi]] løyve til motorferdsel i området for å fjerne tanken i seks veker frå [[15. august 2025]]. | |||
== Kjelder == | |||
*[[Sigurd Haugsgjerd]]: ''Fjernar drivstofftank i verneområde.'' Artikkel i [[Setesdølen nr. 38, 2025]] side 11 | *[[Sigurd Haugsgjerd]]: ''Fjernar drivstofftank i verneområde.'' Artikkel i [[Setesdølen nr. 38, 2025]] side 11 | ||
[[Kategori:Dammer]] | [[Kategori:Dammer]] | ||
[[Kategori:Bykle]] | [[Kategori:Næringsliv i Bykle]] | ||
[[Kategori:Kraftverk]] | |||
Versjonen frå 25. august 2026 kl. 05:45
Storevassdammen er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av asfalt. Han ligg i Bykle kommune. Han demmer opp Storvatn-delen av kraftmagasinet Blåsjø mot sør-aust, og er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er dette den største fyllingsdammen i Norge. Damkrona er 1,4 km lang, og på det høgaste er dammen 90 meter høg. Den største breidda i botnen er 300 meter.
Det går asfaltert anleggsveg, Blåsjøvegen, frå Fv-632 ved Hovestølen i Suldal inn i fjellheimen til Blåsjø og Storevassdammen.
Dammen ligg i Steinbuskardet-Hisdal biotopverneområde. Då dammen vart bygd, grov dei ned ein drivstofftank i den. Når tanken rustar, lekk diesel ut i vassdraget. Arbeidsutvalet i verneområdestyret for Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde gav i mai 2025 Statkraft Energi løyve til motorferdsel i området for å fjerne tanken i seks veker frå 15. august 2025.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Fjernar drivstofftank i verneområde. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2025 side 11