Dynjanfoss tømmerrenne: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Ny side
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Line 1: Line 1:
'''Dynjanfoss tømmerrenne''' var bygd for floting av tømmer i [[Fyresdalsåna]] mellom [[Hønevatn]]/[[Dynjanfossen]] og [[Eikhomkilen]] i [[NIssedal|Nissedal kommune]].  
'''Dynjanfoss tømmerrenne''' var bygd for floting av tømmer i [[Fyresdalsåna]] mellom [[Hønevatn]]/[[Dynjanfossen]] og [[Eikhomkilen]] i [[Nissedal|Nissedal kommune]].  

Ved utbygginga av [[Dynjanfoss kraftverk]] 1951–1953 blei elvestrekninga på det næraste turrlagt, utan krav til minstevassføring. Aust-Agder Kraftverk som utbyggar blei då pålagt å bygge tømmerrenne langs den turrlagte elvestrekninga. Tømmerrenna blei bygd over ei strekning på ca. 2 400 meter, og kryssa Fyresdalsåna med eit høgt og ca. 40 m langt bruspenn tvers over Jettegrytene, som seinare er blitt ein mykje besøkt badeplass.

Versjonen frå 4. januar 2026 kl. 08:53

Dynjanfoss tømmerrenne var bygd for floting av tømmer i Fyresdalsåna mellom Hønevatn/Dynjanfossen og Eikhomkilen i Nissedal kommune.

Ved utbygginga av Dynjanfoss kraftverk 1951–1953 blei elvestrekninga på det næraste turrlagt, utan krav til minstevassføring. Aust-Agder Kraftverk som utbyggar blei då pålagt å bygge tømmerrenne langs den turrlagte elvestrekninga. Tømmerrenna blei bygd over ei strekning på ca. 2 400 meter, og kryssa Fyresdalsåna med eit høgt og ca. 40 m langt bruspenn tvers over Jettegrytene, som seinare er blitt ein mykje besøkt badeplass.

Tømmerrenna som var av tre blei fornya av impregnert virke i åra 1967/1968, bare få år før flòtinga blei lagt ned rundt 1970. Under driftsperioden av renna var det forbunde med ein viss fare å opphalde seg ved Jettegrytene.

Delar av renna blei riven på 1980-talet, m.a. bruspennet over Jettegrytene. I dag står bare den nedste delen av tømmerrenna att. Heilt ytterst, mot Eikhomkilen, er renna bygd i betong.

Kjelder

  • Omtale av tømmerrenna i Planomtale Detaljreguleringsplan for Jettegrytene m.m. Nissedal kommune. Planid: 38222019002

Kart