Den ville sauen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
tekst og innspelingar
Inkje endringssamandrag
 
Line 1: Line 1:
'''Den ville sauen''' er ein sang av [[Johannes Bakken]]. Sangen vart skriven i 1938. Bakken, som var predikant innan pinserørsla, hadde høyrt preika i gudstenesta i radioen der presten preika om Jesus som leiter etter den eine som er komen bort. Då tenkte Johannes Bakken tilbake på ei hending i ungdomstida då han og broren Olav gjekk til fjells for å leite etter ein sau som ikkje var komen heim då snøen hadde lagt seg. Dette gav grunnlaget for sangen, som Gunstein Draugedalen sidan gjorde kjent. Seinare har ei rekke andre musikarar spelt inn sangen.  
'''Den ville sauen''' er ein sang av [[Johannes Bakken]]. Sangen vart skriven i 1938. Bakken, som var predikant innan pinserørsla, hadde høyrt preika i gudstenesta i radioen der presten preika om Jesus som leiter etter den eine som er komen bort. Då tenkte Johannes Bakken tilbake på ei hending i ungdomstida då han og broren Olav gjekk til fjells for å leite etter ein sau som ikkje var komen heim då snøen hadde lagt seg. Dette gav grunnlaget for sangen, som Sondre Bratland sidan gjorde kjent. Seinare har ei rekke andre musikarar spelt inn sangen.  


==Teksten==
==Teksten==
Line 32: Line 32:
*[[Kjetil Rike]] på [[Der roser aldri dør]] 2010
*[[Kjetil Rike]] på [[Der roser aldri dør]] 2010
*[[Birgit Rike Lund]] på [[Med rosur raude]] 1998
*[[Birgit Rike Lund]] på [[Med rosur raude]] 1998
*Sondre Bratland på «Gjest i verda» 1994
*Sondre Bratland på «Når Klokkune gjeve dur» 1976
*Gunstein Draugedalen på «Doggdråpen» 1980
*Gunstein Draugedalen på «Doggdråpen» 1980
*Wiggo Abrahamsen på «Himmelen er åpen»
*Wiggo Abrahamsen på «Himmelen er åpen»

Siste versjonen frå 29. september 2025 kl. 11:24

Den ville sauen er ein sang av Johannes Bakken. Sangen vart skriven i 1938. Bakken, som var predikant innan pinserørsla, hadde høyrt preika i gudstenesta i radioen der presten preika om Jesus som leiter etter den eine som er komen bort. Då tenkte Johannes Bakken tilbake på ei hending i ungdomstida då han og broren Olav gjekk til fjells for å leite etter ein sau som ikkje var komen heim då snøen hadde lagt seg. Dette gav grunnlaget for sangen, som Sondre Bratland sidan gjorde kjent. Seinare har ei rekke andre musikarar spelt inn sangen.

Teksten

Langt innpå ville heii i ville vêr og vind
Der gjekk den ville sauen visste korjke ut hell inn.
Han gjekk og sveiv og dreiv der åleine att og fram
Me’ storm og uvêr rasa, og lite mat han fann.
Men hyrdingen han sakna den sau som borte var
Og utpå leiting fôr han i fjell og dal og skar.
Te’ sist so fann han sauen forkomen, trøytt og arm
Og la han oppå herdi med kjærleik mild og varm.
Og no va’ sauen frelst ifrå kulde naud og natt
Og hyrdingen seg gledde fø’di han fann han att.
Han kalla saman vener, dei gledde seg i lag
Fø’di den ville sauen va’ komen heim i dag.
Ja, eg va’ denne sauen som gjekk på ville veg
Og Jesus va’ den hyrdingen som leita etter meg.
Han frelste meg frå syndi og ga’ meg hjartefred
Og difor vil eg lova han i tid og evighet.
I himlen vert det glede når ein syndar vender om
Ifrå den ville vegen som er så kald og skum.
Høyr hyrdingrøysti kallar: kom heim frå ville veg
Så vert du frelst frå syndi som ned mot myrkret dreg.

Innspelingar

Kjelde

Eksterne lenker