Træletveit: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Ny side
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 11: Line 11:


== Kart ==
== Kart ==
{{#display_map: 58.928399557077206,7.766808514760739~Træletveit Åraksbø}}


[[Kategori:Støler i Bygland]]
[[Kategori:Støler i Bygland]]
[[Kategori:Åraksbø]]
[[Kategori:Åraksbø]]

Versjonen frå 17. oktober 2024 kl. 07:55

Træletveit er ein støyl under gardsbruket Stoplestog i Åraksbø i Bygland. Han ligg ovanfor Gausi, om lag to kilometer nord-aust for bygda.

Historie

Træletveit skal ha vore eigen gard langt tilbake i tid, truleg før Svartedauden. Etter Svartedauden blei han lagt øyde, og blei aldri teke opp som eigen gard igjen.

Fornminne

Under ei skogsdrift i eit hogstfelt på Træletveit hausten 2024 blei ein merksam på nokre gravhaugar. Fagfolk frå Agder fylkeskommune undersøkte området. Det blei registrert sju gravrøyser av ulik storleik. Gravfeltet er førebels utan namn, men har fått ID 317686 hos kulturminnemyndigheitene. Gravfeltet er automatisk freda.

Kjelder

  • Reidar Vollen, [Bygland gard og ætt]], bind IV side 230–231 og bind V side 16 og side 50

Kart

Laster kart ...