Fosslidburet: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Bilde |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
[[Kategori:Bygninger i Bygland]] | [[Kategori:Bygninger i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | |||
[[Kategori:Austad]] | [[Kategori:Austad]] | ||
Versjonen frå 24. januar 2023 kl. 19:43

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Fosslidburet er det gamle buret (stabburet) som står på gardsbruket Ekron på Søndre Austad i Bygland. Det stod opphaveleg på bnr. 3 på Ose. Rundt 1865 blei det truleg kjøpt av Vrål Rolvson Fosslid (f. 1835, d. 1868), og flytta til husmannsplassen Fosslid under bnr. 1 på Ose. Eigaren av bnr. 1, Gunnar Drengson Ose, selde buret i 1923 til Knut K. Austad.Han flytta det til Ekron.
I SEFRAK-registeret er Fosslidburet tidfesta til 1600-talet, fjerde kvartal. Men på ein stokk er skrive årstalet 1568. I 2022/2023 blei buret restaurert av Bygland tradisjonsbygg. Dei opplyser at dateringa er ca. 1560.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 537 og side 635
- SEFRAK-registeret
- Facebooksida til Bygland tradisjonsbygg