Fosslid (Bygland gnr. 15 bnr. 16)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Fosslid 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Fosslid tilbake i tid.
Foto: August Abrahamson
Fosslid er ein tidlegare husmannsplass på Ose i Bygland. Han ligg i skogen vest for Riksveg 9, rett nord for Reiårsfossen. I 1923 blei eigedomen skyldsett med eige bruksnummer, gnr. 15 bnr. 16 og kalla Haugeland. Postvegen, den første «hovudvegen» oppover i Setesdal, gjekk gjennom tunet i Fosslid. Den gamle vegen er framleis intakt fra sør og opp mot tunet (privat veg).
Fossli blei rydda frå 1803. Rydningsmann var Vrål Rolvson Austad. Fosslidburet stod på denne plassen før det blei seld og flytta til Ekron på Søndre Austad.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 526–537