Vidar H. Homme: Skilnad mellom versjonar
sInkje endringssamandrag |
s fletter inn stoff fra artikkelen om en nå forsvunnen blogg |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
Han er styremedlem i Terra Aktiv Eiendomsmegling. På det lokale plan er han frå 2012 leiar i [[Valle Sentrumsforening]]. Han er og sekretær i [[Valle Næringslag]]. Privat er han trenar for to fotballlag i [[Valle IL]] og ivrig supportar for [[Valle jenter 14 2012]]. | Han er styremedlem i Terra Aktiv Eiendomsmegling. På det lokale plan er han frå 2012 leiar i [[Valle Sentrumsforening]]. Han er og sekretær i [[Valle Næringslag]]. Privat er han trenar for to fotballlag i [[Valle IL]] og ivrig supportar for [[Valle jenter 14 2012]]. | ||
I tida som banksjef i Valle Sparebank skreiv han '''Vidars blogg'''. Her kom han med kommentarar på aktuelle tema, analyser, framtidsutsikter og det som elles var aktuelt i tida innan bank og finans. Han starta bloggen [[15. mars 2012]] og skreiv med ujamne mellomrom innlegg der. | |||
{{DEFAULTSORT:Homme, Vidar}} | {{DEFAULTSORT:Homme, Vidar}} | ||
Versjonen frå 18. mai 2022 kl. 16:36
| Vidar H. Homme | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 8. juni 1972 (53 år) | |
Vidar Hallvardson Homme (fødd 8. juni 1972) er kommunesjef i Valle kommune frå mai 2022, han kom frå ei stilling som kommunalsjef samfunnsutvikling i Vennesla kommune. Tidlegare har han og vore banksjef i Valle Sparebank frå 1. februar 2007. Etter artium på Hornnes gymnas studerte han på NTH frå 1991 til 1996 og vart sivilingeniør i industriell økonomi. Deretter fekk han jobb i Kristiansand Elektrisitetsverk som marknadsanalytikar og porteføljeforvaltar innan krafthandel, ei stilling han hadde til 2000, då han vart rådmann i Valle kommune. Han var rådmann til 2006. I fem månader, frå september til januar, var han så tenesteleiar for veg, vatn og avlaup i Bykle kommune. Men ved starten av 2007 vart stillinga som banksjef i Valle Sparebank ledig, og dermed vart tida i Bykle kort.
Han er styremedlem i Terra Aktiv Eiendomsmegling. På det lokale plan er han frå 2012 leiar i Valle Sentrumsforening. Han er og sekretær i Valle Næringslag. Privat er han trenar for to fotballlag i Valle IL og ivrig supportar for Valle jenter 14 2012.
I tida som banksjef i Valle Sparebank skreiv han Vidars blogg. Her kom han med kommentarar på aktuelle tema, analyser, framtidsutsikter og det som elles var aktuelt i tida innan bank og finans. Han starta bloggen 15. mars 2012 og skreiv med ujamne mellomrom innlegg der.
