Otra Trelast: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
Oppdatert artikkelen litt |
s Lagt til kategori |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Butikker]] | |||
Siste versjonen frå 29. januar 2020 kl. 09:51

Otra Trelast var ei byggeforretning på Verksmoen på Evje. I 2005 overtok Mikael Bek forretninga etter Harald Tjessem. I løpet av åra frå 2006 til 2010 auka omsetninga frå 5,8 millionar til 15,9 millionar. I 2011 kjøpte han også bygningane, dei kosta vel 3,7 millionar. Otra Trelast forhandla både byggtørker, verktøy og arbeidstøy med firmatrykk i tillegg til trelast. Dei hadde mykje levering til lokale snekkarar og hyttefolk.
I 2014 bytta Otra Trelast namn til Byggi Evje, og flytta samstundes bedrifta til dei tidlegare lokala til Skibsplast lenger nord på Verksmoen. I 2015 vart dei gamle lokala selde til Nettdyret.no.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Strekkjer oss langt. Artikkel i Setesdølen nr. 98, 2011 side 13
- Ole Birger Lien, Kjøpte Otra Trelast-bygg for 4,5 mill., artikkel i Setesdølen nr. 63, 2015, side 4