Hopp til innhald

Fennefoss papirmølle: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Fennefoss papirmølle
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Fennefoss papirmølle trappa 301016-2.jpg|miniatyr|høyre|Dette skal vere trappa etter papirmølla, og det einaste som står igjen i dag. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Fennefoss papirmølle''' stod ved Mylla på vestsida av [[Fennefossen]] i [[Evje og Hornnes]], og produserte papir frå 1806 til 1813.
'''Fennefoss papirmølle''' stod ved Mylla på vestsida av [[Fennefossen]] i [[Evje og Hornnes]], og produserte papir frå 1806 til 1813.



Versjonen frå 22. desember 2019 kl. 07:57

Dette skal vere trappa etter papirmølla, og det einaste som står igjen i dag.

Fennefoss papirmølle stod ved Mylla på vestsida av Fennefossen i Evje og Hornnes, og produserte papir frå 1806 til 1813.

I heftet Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814 frå Setesdalsmuseet skriv Leonhard Jansen at Torkjell Sveinungsen Åsen frå Grendi skaffa seg på initiativ frå Hans Nielsen Hauge fallrettane i Fennefossen. Leigekontrakta vart tinglyst 1. februar 1804, og det blei gjeve kongeleg løyve til både papirmølle, vanleg mølle og eventuell anna verksemd. Det blei gjort store investeringar på staden, og papirproduksjonen kom i gang i 1806. Tidene var vanskelege, og papirmølla blei lagt ned og seld alt i 1813. Men anna verksemd heldt fram, og bygdefolket mol kornet sitt på Mylla til ut på 1900-talet. Industrireisinga i Fennefossen var den første større næringa i dalen som ikkje var knytt til utnytting av jord.

Kjelder

  • Leonhard Jansen, Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, utgjeve av Setesdalsmuseet, Råbyggjeserien nr. 3, 2014, side 11-13