Ånund K. Homme: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenke
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Line 12: Line 12:


==Aktiv pensjonisttid==
==Aktiv pensjonisttid==
Som pensjonist skipa han [[Setesdalsforlaget]], eit forlag som gjev ut bøker i samarbeid med forfattarar. Over 150 titlar har det blitt. Han var i ein lang periode engasjert i [[Valle pensjonistforening]], og han har vore aktiv i [[Agder Litteraturlag]].  
Som pensjonist skipa han [[Setesdalsforlaget]], eit forlag som gjev ut bøker i samarbeid med forfattarar. Over 150 titlar har det blitt. Han var i ein lang periode engasjert i [[Valle pensjonistforening]], og han har vore aktiv i [[Agder Litteraturlag]].
==Prisar==
*[[Målprisen til Valle mållag]] 2012


==Kjelder==
==Kjelder==

Versjonen frå 21. oktober 2012 kl. 09:20

Fil:Ånund Kjetilson Homme 2010 (5)cr.JPG
Ånund K. Homme, mai 2010.
Foto: Siri Johannessen

Ånund Kjetilson Homme (fødd 28. januar 1930) var lærar fleire stader i landet før han kom heim til Valle kommune og vart kulturkonsulent og seinare utgjevar.

Biografi

Etter folkeskule og framhaldskule i heimbygda drog Ånund K. til Arendal for å gå på handelsskule. Den var han ferdig med i 1949, og i 1953 starta han på Hornnes landsgymnas, der han tok eksamen i 1957. Så var han lærar på Veum skule eitt år, før han i 1958 starta på Oslo offentlege lærarskule, der han var ferdig i 1960. I 1961 gifta han seg med Nella Nerem Homme frå Herøy kommune på Sunnmøre.

Etter å ha vore lærar på Toten folkehøgskule, var han lærar i Herøy på Sunnmøre i mange år. Han var på fleire skular der, han var og ungdomsleiar og aktiv i lokalradioen dei hadde.

I 1987 kom han til Valle kommune som kulturkonsulent, ei stilling han hadde i 10 år. I den tida vart Valle kåra til Årets kulturkommune i Aust-Agder, og i finalen kom kommunen på andreplass. Ånund K. var og primus motor for litteraturseminara i Valle.

Etter 10 år som kulturkonsulent vart han pensjonist i 1997.

Aktiv pensjonisttid

Som pensjonist skipa han Setesdalsforlaget, eit forlag som gjev ut bøker i samarbeid med forfattarar. Over 150 titlar har det blitt. Han var i ein lang periode engasjert i Valle pensjonistforening, og han har vore aktiv i Agder Litteraturlag.

Prisar

Kjelder

  • Ole Birger Lien: Eg vil stupe med skoa på Artikkel i Setesdølen 26. januar 2010 side 6

Eksterne lenker