Sigurd Aanundson Hegland: Skilnad mellom versjonar
s Meir tekst |
s Bildetillegg |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Hegglandsheia minnesmerke 1.jpg|thumb|300px|Det nye minnesmerket frå 2008 like på stien mot Grostøyl.{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]] | |||
'''Sigurd Aanundson Hegland''' vaks opp på [[Heggland]], fødd i 1866 og døydde i 1889. I kyrkjeboka kan ein lesa: ''Dræbt af Lynet''. | '''Sigurd Aanundson Hegland''' vaks opp på [[Heggland]], fødd i 1866 og døydde i 1889. I kyrkjeboka kan ein lesa: ''Dræbt af Lynet''. | ||
| Line 9: | Line 10: | ||
'''Likkviler'''. Like ved minnesmerket er det også tri [[likkviler]]. I tidlegare tider låg folk lenge på heia om sommaren, og det hende at nokon døydde når dei var på støylen. Då laut den døde berast ned til bygds for å gravleggjast i viksla jord. Undervegs hadde dei gjerne ei lengre kvild. Då vart der lagd steinar kring den avlidne, og desse vart liggjande att for ettertida som eit minne. Det er særleg i [[Bygland]] at ein hadde denne skikken. | '''Likkviler'''. Like ved minnesmerket er det også tri [[likkviler]]. I tidlegare tider låg folk lenge på heia om sommaren, og det hende at nokon døydde når dei var på støylen. Då laut den døde berast ned til bygds for å gravleggjast i viksla jord. Undervegs hadde dei gjerne ei lengre kvild. Då vart der lagd steinar kring den avlidne, og desse vart liggjande att for ettertida som eit minne. Det er særleg i [[Bygland]] at ein hadde denne skikken. | ||
==Fleire bilete frå minnesmerket på Hegglandsheia== | |||
<gallery> | |||
Fil:Hegglandsheia minnesmerke 2.jpg|Inskripsjonen. {{byline|Reidar Tveito}} | |||
Fil:Hegglandsheia minnesmerke 3.jpg|Minnesmerket, Rustfjell. {{byline|Reidar Tveito}} | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Reidar Vollen]]: [[Bygland gard og ætt]] band 1, ISBN 82-993677-2-7 side 328. | *[[Reidar Vollen]]: [[Bygland gard og ætt]] band 1, ISBN 82-993677-2-7 side 328. | ||
Versjonen frå 12. juli 2012 kl. 20:09

Sigurd Aanundson Hegland vaks opp på Heggland, fødd i 1866 og døydde i 1889. I kyrkjeboka kan ein lesa: Dræbt af Lynet.
Sigurd var komen heim frå militærtenesta, og hadde lagt i veg innover Hegglandsheia mot støylen Grostøyl der familien låg på denne tida. Eit kraftigt torever kom brått på då han passera støylen Lægjet. Han vart råka av lynet og drepen på staden. Dagen etter vart han funnen av folk som kom forbi same vegen.
Broren Knut sette seinare opp eit minnesmerke over hendinga. Dette var ei steinsamling med ei kvitmåla treplate med eit lite tak over. Inskripsjonen hadde denne ordlyden: Sigurd Aanundson Hegland. Døydde af Lynelden her den 6. juli 1889. Var Fød den 18. Desember 1866. Minnet den 28. Mars 1897. K.Å.H.
Minnesmerket vert restaurert. Etter meir enn hundre år i all slags ver var det lite att av minnesmerket frå 1897. Men i 2008 kom eit nytt minnesmerke på plass på same stad. Ein av brørne til Sigurd Aanundson Hegland var bestefar til Oddvar Gunstveit, og saman med mellom anna Arthur Breda-Gulbrandsen og Bjarne T. Tveit sette dei opp eit nytt minnesmerke.
Likkviler. Like ved minnesmerket er det også tri likkviler. I tidlegare tider låg folk lenge på heia om sommaren, og det hende at nokon døydde når dei var på støylen. Då laut den døde berast ned til bygds for å gravleggjast i viksla jord. Undervegs hadde dei gjerne ei lengre kvild. Då vart der lagd steinar kring den avlidne, og desse vart liggjande att for ettertida som eit minne. Det er særleg i Bygland at ein hadde denne skikken.
Fleire bilete frå minnesmerket på Hegglandsheia
<gallery>
Fil:Hegglandsheia minnesmerke 2.jpg|Inskripsjonen.
Fil:Hegglandsheia minnesmerke 3.jpg|Minnesmerket, Rustfjell.
Kjelder
- Reidar Vollen: Bygland gard og ætt band 1, ISBN 82-993677-2-7 side 328.
- Ole Birger Lien: Setesdølen nr. 67, 2008 side 3.