Ånund K. Homme: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
gal k, beklager! |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
''' Ånund | ''' Ånund Kjetilson Homme''' (fødd 28. januar 1930) var lærar fleire stader i landet før han kom heim til Valle kommune og vart kulturkonsulent og seinare utgjevar. | ||
==Biografi== | ==Biografi== | ||
Versjonen frå 9. juni 2010 kl. 15:55
Ånund Kjetilson Homme (fødd 28. januar 1930) var lærar fleire stader i landet før han kom heim til Valle kommune og vart kulturkonsulent og seinare utgjevar.
Biografi
Etter folkeskule og framhaldskule i heimbygda drog Ånund K. til Arendal for å gå på handelsskule. Den var han ferdig med i 1949, og i 1953 starta han på Hornnes landsgymnas, der han tok eksamen i 1957. Så var han lærar på Veum skule eitt år, før han i 1958 starta på Oslo offentlege lærarskule, der han var ferdig i 1960. I 1961 gifta han seg med Nella Nerem Homme frå Herøy kommune på Sunnmøre.
Etter å ha vore lærar på Toten folkehøgskule, var han lærar i Herøy på Sunnmøre i mange år. Han var på fleire skular der, han var og ungdomsleiar og aktiv i lokalradioen dei hadde.
I 1987 kom han til Valle kommune som kulturkonsulent, ei stilling han hadde i 10 år. I den tida vart Valle kåra til Årets kulturkommune i Aust-Agder, og i finalen kom kommunen på andreplass. Ånund K. var og primus motor for litteraturseminara i Valle.
Etter 10 år som kulturkonsulent vart han pensjonist i 1997.
Aktiv pensjonisttid
Som pensjonist skipa han Setesdalsforlaget, eit forlag som gjev ut bøker i samarbeid med forfattarar. Over 150 titlar har det blitt. Han var i ein lang periode engasjert i Valle pensjonistforening, og han har vore aktiv i Agder Litteraturlag.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Eg vil stupe med skoa på Artikkel i Setesdølen 26. januar 2010 side 6