Bøgruva: Skilnad mellom versjonar
s La til Kategori:Gruver via HotCat |
s →Historie: liten endring i skrivemåten på kobberverket |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
==Historie== | ==Historie== | ||
På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av [[ | På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av [[Det Sætersdahlske Kobberværk]]. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesiedalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld. | ||
Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i [[Åraksbø]], så det var lang transport. Den skjedde om vinteren, men drifta av Bøgruva vart avslutta. | Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i [[Åraksbø]], så det var lang transport. Den skjedde om vinteren, men drifta av Bøgruva vart avslutta. | ||
I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12 - 13 mann i gruva. | I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12 - 13 mann i gruva. | ||
==Kart== | ==Kart== | ||
Versjonen frå 22. desember 2014 kl. 14:46
Foto: Siri Johannessen
Foto: Siri Johannessen
Bøgruva er ei gammal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i Valle kommune. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå Åmli, det er langs denne ein går når ein går til Bøgruva i Postkassetrimmen i Valle.
Historie
På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av Det Sætersdahlske Kobberværk. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesiedalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld.
Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i Åraksbø, så det var lang transport. Den skjedde om vinteren, men drifta av Bøgruva vart avslutta.
I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12 - 13 mann i gruva.
Kart
Sjå også
Kjelder
- Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen: Valle kommune VII Kultursoge side 272
- Alfred Ryningen: Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle side 107