Evje Bilopphogging: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
oppdaterte
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjernet en unødvendig kategori
 
Line 11: Line 11:
*''Hogg opp bilar for 5. mill på Syrtveit i Evje.'' Artkkel i [[Setesdølen nr. 10, 2014]] side 10
*''Hogg opp bilar for 5. mill på Syrtveit i Evje.'' Artkkel i [[Setesdølen nr. 10, 2014]] side 10


[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Etableringer i 2005]]
[[Kategori:Etableringer i 2005]]

Siste versjonen frå 30. november 2014 kl. 19:08

Evje Bilopphogging på Syrtveit 2013

Evje Bilopphogging DA held til på ei 50 mål stor tomt på Syrtveit etter at det i 2010 flytta frå ei 15 mål stor tomt på Evjemoen. Selskapet vart etablert i 2005, då det overtok det som før heitte Kjell's Bilopphogging. På Syrtveit investerte selskapet mellom fire og fem millionar i to nybygg på til saman 600 kvadratmeter, ein stålhall og ein hall i elementbygg. I tillegg vart det støypt ei plate på 1500 kvadratmeter for å ta imot bilar. Kvart år tek dei imot 1200 til 1500 bilar, mange av desse hentar Arnt Skeimo på kysten. Eigedomen ligg like nord for avfallsdeponiet til Setesdal miljø og gjenvinning og bare 100 meter frå Otra.

Finn Oskar Rosmer og Arnt Skeimo eig ein halvpart kvar av selskapet.

Evje Bilopphogging har 10-årsjubileum i 2013 med aukande omsetning, og tok imot 1650 bilar i 2012 og 1860 bilar i 2013. Omsetninga steig frå 4,5 millionar kroner i 2012 til om lag fem millionar kroner i 2013. Evje Bilopphogging har to kranbilar som henter over så godt som heile Agder. Dei hentar også stålskrammel, og handler gamle bildeler over heile landet. Men det meste går til Litauen.

Kjelde