Herefoss: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Lagt til en kategori + ekstern lenke |
s Orto |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[https://no.wikipedia.org/wiki/Herefoss Artikkelen om Herefoss på Wikipedia (bokmål)], besøkt 22. april 2017 | *[https://no.wikipedia.org/wiki/Herefoss Artikkelen om Herefoss på Wikipedia (bokmål)], besøkt 22. april 2017 | ||
*Eirik Nesbu, kapittelet om Herefoss i ''Norges Bebyggelse'', herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Friluftsforlaget, Oslo 1956, side | *Eirik Nesbu, kapittelet om Herefoss i ''Norges Bebyggelse'', herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Friluftsforlaget, Oslo 1956, side 398–423 | ||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
Siste versjonen frå 29. september 2026 kl. 07:20

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Herefoss er ei grend i Birkenes, og ein tidlegare kommune i Aust-Agder. Staden ligg langs Riksveg 41 ved nordre enden av Herefossfjorden i Tovdalselva, og har namn etter ein foss. Herefoss kommune blei slege saman med Birkenes og Vegusdal i 1967, til Birkenes kommune.
Herefoss høyrde i eldre tider til Råbyggelaget saman med Setesdal. Futane i Råbyggelag heldt til her frå 1680 til 1820 og sorenskriverane frå 1724 til 1852.
På Herefoss ligg Herefoss kyrkje. Ho er bygd i 1865. Sørlandsbanen går gjennom bygda. Herefoss stasjon blei opna 22. juni 1938. Stasjonen blei lagt ned i 1989.
Kjelder
- Artikkelen om Herefoss på Wikipedia (bokmål), besøkt 22. april 2017
- Eirik Nesbu, kapittelet om Herefoss i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Friluftsforlaget, Oslo 1956, side 398–423