Ogge: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Ogge
 
Helland (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Line 13: Line 13:
==Kart==
==Kart==
{{
{{
#display_map: 58° 25′57″N 8° 06′02″ E
#display_map: 58° 25′57″N, 8° 06′02″ E


}}
}}

Versjonen frå 7. juli 2013 kl. 11:26

Ogge er eit 17 km langt vatn i Iveland og Birkenes kommunar om lag 40 km nord for Kristiansand. Ogge er 6,71 km² og har ei strandlinje på 89,85 km. Vatnet ligg 192 moh, har 360 holmar og skjær og er eit eldorado for den som likar padling. Det er lagt til rette for å slå leir mange stader, også på holmane, med utedo og grillar. Lite av området er privatisert, det var planar om eit hyttefelt ved vatnet, men dei vart skrinlagde. Ogge er ikkje regulert og lite av strandsonen er privatisert. Den som padlar, kan sjå både bever og elg i området og det er eit rikt fugleliv ved Ogge. Det er teke aure på over to kilo i vatnet.

Kalking

Ein har kalka Ogge kvart år sidan midt på 1990-talet. Som følgje av sur nedbør frå tungindustrien i Europa og England som ramma Sørlandet på 1900-talet, må ein kalke vassdraga på Sørlandet i mange år framover. Det er aluminium i berggrunnen og den er giftig for fisken. Årleg kalkast Ogge med 325 tonn kalk, noko som betrar vasskvaliteten og sikrar laksen i Tofdalselva.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...