Hanehaug: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Lagt til en kategori |
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Hanehaug Bygland 020415. | [[Fil:Hanehaug Bygland 020415-3.jpg|miniatyr|høyre|Hanehaugen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Hanehaug''' er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit stort fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i [[Bygland]]. Diameteren på haugen er 16 meter, og han er to meter høg. | '''Hanehaug''' er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit stort fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i [[Bygland]]. Diameteren på haugen er 16 meter, og han er to meter høg. | ||
Siste versjonen frå 16. februar 2023 kl. 09:31

Foto: Geir Daasvatn
Hanehaug er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit stort fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland. Diameteren på haugen er 16 meter, og han er to meter høg.
Kong Hane skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen. Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn, nord for Bygland. Kong Hane fall, og vart gravlagd i Hanehaug. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, vart gravlagd i ein haug ved sida, kalla Kjyrehaug.
Kjelder
- Oppslag på info-tavle ved Hanehaug
- Om gravrøyser ved Byglandsfjorden på arkeolog Frans-Arne Hedlund Stylegar sin blogg
- Bygland, Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo, 1956, side 64
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 2012, side 19