Hopp til innhald

Lisbeth Dalquist Homme: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
bilde
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
kat
Line 12: Line 12:
{{DEFAULTSORT:Homme, Lisbeth Dalquist}}
{{DEFAULTSORT:Homme, Lisbeth Dalquist}}
[[Kategori:Personer fra Valle kommune]]
[[Kategori:Personer fra Valle kommune]]
[[Kategori:Ansatte i Valle kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1947]]
[[Kategori:Fødsler i 1947]]

Versjonen frå 26. mai 2011 kl. 17:58

Lisbeth Dalquist Homme på biblioteket i Valle

Lisbeth Dalquist Homme (født 12. mai 1947 i Trondheim) er biblioteksjef i Valle kommune. Ho har jobba i Valle komune sidan 1975. Fø ho kom til Valle, arbeidde ho på bibliotek i Oslo, der ho tok utdanninga som bibliotekar og var ferdig i 1969. Ho vart gift med Knut K. Homme i 1973. Dei flytte tilbake til Valle hausten 1974 og då begynte ho på vevskule.

Lisbeth har engasjert seg mykje i det lokale kulturlivet i Valle. Ho har vore aktiv i Valle Bygdekvinnelag og var leiar der i ein periode, og ho var studieleiar for Bygdefolkets studieforbund sine kurs i mange år. Ho har vore leiar i Valle Mållag eit par periodar og er også med i Valle jordbruksklubb. I mange år spelte ho og althorn i Valle og Hylestad musikkorps. Ho har og vore instruktør og vaksenleiar i 4H.

Som bibliotekar har ho stått for lesesiklar for vaksne. Ho har og vore sterkt engasjert i å stimulere til leseglede i skule og barnehage. Ho har hatt årlege bamsekveldar for unge lånarar i mange år.

Kjelde

  • Samlate med Lisbeth Dahlquist Homme 9. september 2010