Aasulv Lande (1937): Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
[[Kategori:Misjonærer]] | [[Kategori:Misjonærer]] | ||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1937]] | [[Kategori:Fødsler i 1937]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 2019]] | [[Kategori:Dødsfall i 2019]] | ||
Versjonen frå 3. april 2020 kl. 13:55
| Aasulv Lande | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 25. desember 1937 | |
| Død: | 8. juli 2019 (81 år) | |
Aasulv Lande (fødd 25. desember 1937 på Lauvdal i Bygland kommune, død 8. juli 2019) er ein norsk prest, tidlegare misjonær og teologiprofessor med religionsdialog som spesialområde. Han tok artium ved Arendal Gymnas i 1955 og studerte deretter ved Menighetsfakultetet og vart cand.theol. i 1962. Med stipend frå Kyrkjenes Verdensråd studerte han eitt år ved Durham University før han kom tilbake til Noreg og tok praktisk-teologisk eksamen i 1964.
Frå 1965 til 1980 var Aasulv Lande misjonsprest i Japan saman med kona Gunvor Lande. Seinare har han vore førsteamanuensis i japansk ved Universitetet i Oslo (1989-90) og førelesar og forskar i misjonsstudiar ved Selly Oak Colleges i Birmingham/ University of Birmingham. Frå 1994 til 2005 var han professor i misjonsvitskap og økumenikk ved Lunds Universitet. Han var også styremedlem i det svenske Institut för kontextuell teologi. I perioden 1996-2005 var han president i European Network for Buddhist-Christian Studies. Lande har ein omfattande fagleg produksjon i misjonsvitskap, særleg om religionsdialog og om japanske religionar.
Saman med kona Gunvor har Aasulv Lande tre born: Eivind, Anne og Liv.
Kjelder
- Om Aasulv Lande i Norsk Misjonsleksikon 2 1966 spalte 723
- Om Aasulv Lande i Allkunne.no
