Dysje: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Njardarheim
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Nedre Dysje og Thv. Heiberg
Line 3: Line 3:
'''Dysje''' ligg på nordsida av [[Bossvatn]] i Bykle kommune, nesten heilt oppe i vestenden. I vest grensar garden mot [[Brotteli]], på austsida mot [[Bratteland]]. Heile dette området vert kalla [[Botnen]].

Garden vart delt i to bruk, Øvre Dysje og Nedre Dysje i 1815. Men Nedre Dysje vart i 1908 selt til Thorvald Heiberg og vart ein del av [[Njardarheim]], så der var det ikkje folk då gardane vart lagde under vatn.  
Garden vart delt i to bruk, Øvre Dysje og [[Nedre Dysje (Bykle gnr. 8 bnr. 2)|Nedre Dysje]] i 1815. Men Nedre Dysje vart i 1908 selt til [[Thorvald Meyer Heiberg|Thorvald Heiberg]] og vart ein del av [[Njardarheim]], så der var det ikkje folk då gardane vart lagde under vatn.  

Dei siste som budde i Dysje var [[Tarjei Bratteland]] og kona [[Ingebjørg Bratteland]]. Dei flytta frå Dysje i 1954. Sidan vart eigedomen brukt til feriestad til oppdemminga av Bossvatn midt på 1970-talet. I 1969 overtok [[Helleik Bratteland]] eigedomen. Han budde i Vågsbygd. I 1999 overtok dottera [[Åse Klungland]] eigedomen. Dei andre barna til Tarjei og Ingebjørg fekk frådelt fritidseigedomar på garden før Helleik overtok.

Versjonen frå 22. juli 2017 kl. 11:17

Dysje omkring 1970.
Dei siste brukarane i Dysje, Ingebjørg og Tarjei Bratteland. Foto frå Heimar og folk i Bykle

Dysje ligg på nordsida av Bossvatn i Bykle kommune, nesten heilt oppe i vestenden. I vest grensar garden mot Brotteli, på austsida mot Bratteland. Heile dette området vert kalla Botnen.

Garden vart delt i to bruk, Øvre Dysje og Nedre Dysje i 1815. Men Nedre Dysje vart i 1908 selt til Thorvald Heiberg og vart ein del av Njardarheim, så der var det ikkje folk då gardane vart lagde under vatn.

Dei siste som budde i Dysje var Tarjei Bratteland og kona Ingebjørg Bratteland. Dei flytta frå Dysje i 1954. Sidan vart eigedomen brukt til feriestad til oppdemminga av Bossvatn midt på 1970-talet. I 1969 overtok Helleik Bratteland eigedomen. Han budde i Vågsbygd. I 1999 overtok dottera Åse Klungland eigedomen. Dei andre barna til Tarjei og Ingebjørg fekk frådelt fritidseigedomar på garden før Helleik overtok.

Foreldra til Folke Nesland leigde slåtten på Dysje frå om lag 1954 til 1963. Han fortel i ein artikkel i Setesdal og setesdølar 2017 at Dysje hadde om lag 35 dekar dyrka mark og at det var mykje grei maskinslått, så dei hadde med hest og slåmaskin. Slåtten starta som regel første veka i juli og varde om lag tre veker. Graset var tidlegare utvekst i Botnen enn på Nesland, for fjella er høge og gjev eit varmare klima der. Kornet mogna like tidleg i Botnen som i Bjørnarå, blei det sagt. Som regel fekk dei 35-40 høylass i løa på Dysje. Desse vart køyrde heim på isen om vinteren, vel ei mil kvar veg.

Kjelder