Hopp til innhald

Skraddarburet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet tegnsetting
Line 4: Line 4:
Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse av i 2014. Skraddarburet blei restaurert også i 1994, gjennom Riksantikvarens mellomalderprosjekt som skulle setje i stand alle profane mellomalderbygg. Det blei mellom anna bytta spontak, og svalgongane i andre høgda blei rekonstruert då desse ikkje eksisterte lenger.

Opphavet til namnet «Skraddarburet» kjem frå ein av dei tidlegare gardbrukarane i Austegard, [[Knut Nilsson Mørk]] (?-1645) – eller Knut «Skraddar» som han også blei kalla. Soga om han, Skraddarsoga, er ei dramatisk forteljing.
Opphavet til namnet «Skraddarburet» kjem frå ein av dei tidlegare gardbrukarane i Austegard, [[Knut Nilsson Mørk]] (?-1645) – eller «Knut Skraddar» som han også blei kalla. Soga om han, Skraddarsoga, er ei dramatisk forteljing.

== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 27. februar 2017 kl. 01:26

Skraddarburet ferdig restaurert februar 2017.

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen på Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) tre-bygningen i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520-1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet.

Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse av i 2014. Skraddarburet blei restaurert også i 1994, gjennom Riksantikvarens mellomalderprosjekt som skulle setje i stand alle profane mellomalderbygg. Det blei mellom anna bytta spontak, og svalgongane i andre høgda blei rekonstruert då desse ikkje eksisterte lenger.

Opphavet til namnet «Skraddarburet» kjem frå ein av dei tidlegare gardbrukarane i Austegard, Knut Nilsson Mørk (?-1645) – eller «Knut Skraddar» som han også blei kalla. Soga om han, Skraddarsoga, er ei dramatisk forteljing.

Kjelder