Skraddarburet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Skraddarburet ferdig restaurert februar 2017.

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen på Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygningen i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet.

Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse av i 2014. Skraddarburet blei restaurert også i 1994, gjennom Riksantikvarens mellomalderprosjekt som skulle setje i stand alle profane mellomalderbygg. Det blei mellom anna bytta spontak, og svalgongane i andre høgda blei rekonstruert då desse ikkje eksisterte lenger.

Hausten 2024 blei det sett opp såkalla "Blått skilt" på buret.

Opphavet til namnet «Skraddarburet» kjem frå ein av dei tidlegare gardbrukarane i Austegard, Knut Nilsson Mørk (?-1645) – eller «Knut Skraddar» som han også blei kalla. Soga om han, Skraddarsoga, er ei dramatisk forteljing.

Kjelder