Nedre Haugå (Bygland gnr. 36 bnr. 3): Skilnad mellom versjonar
s Presisert en referanse |
s Ekstern lenke |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
<references/> | <references/> | ||
== Eksterne lenker == | |||
*[http://www.fvn.no/bolig_old/Ungt-liv-i-gammel-sveitservilla-langs-Byglandsfjord-2287581.html Ungt liv i gammel sveitservilla langs Byglandsfjorden] Artikkel av [[Kari Byklum (journalist)|Kari Byklum]] i [[Fædrelandsvennen]] [[12. september 2012]] | |||
[[Kategori:Garder i Bygland]] | [[Kategori:Garder i Bygland]] | ||
Versjonen frå 20. november 2016 kl. 10:22

Nedre Haugå er eit gardsbruk (gnr. 36 bnr. 3) nord i Kyrkjebygda i Bygland. Gunnar A. Haugå eig garden, og bur her saman med sambuar Ingvild Nordgarden.
Våningshuset på garden er svært gamalt. Delar av huset er truleg restar etter det første huset som blei sett opp på garden etter delinga av Haugå i andre del av 1600-talet. I 1890-åra blei huset bygd om til sveitsarstil.[1]
Historie
Etter ein langvarig prosess som tok til på 1500-talet, blei garden Kvåle delt i to, Kvåle og Haugå. Sidan blei kvar av desse gardane delt i to like delar, så det blei fire hovudbruk. Haugå blei såleis til Nedre Haugå og Øvre Haugå. Det skjedde rundt 1650-1660.
Kvåle og Haugå er formelt ein matrikkelgard med namn Kvåle og gardsnummer 36. «Men i røynda er det tale om to gardar», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[2]
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 346-376
- Gardskart på nett
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 369
- ↑ Bygland gard og ætt, bind VII, side 183