Hopp til innhald

Rafosshei

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. juni 2026 kl. 08:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Rafosshei sett frå Bragefit 16. juni 2026.

Rafosshei er eit fjell (574 moh.) nord for Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Det går skogsbilveg nordover mot toppen frå Tveit. Frå enden av vegen er det om lag ein kilometer til toppen.

Rafosshei var eit populært mål for skigåarar i Hornnes i tidlegare tider. Heia er ganske høg og bratt, men slett og fin å renne nedover igjen. Frå toppen av heia er det god utsikt. Ein kan sjå Svaba i Dåsvannsdalen i nord-aust, Årdalsknapen i aust, Abusdalsknuten i sør og Snøfjellet i Åseral i vest.

Kjelder