Murtetjønnbekken
Utsjånad
Murtetjønnbekken renn frå Murtetjønn på Bortelid sørover til Tjaldalsåne på Tjaldal i Åseral.
Langs Murtetjønnbekken, ved Kvennhusbakkan, var det i eldre tid eit anlegg med vassrenne og tre kvernhus for gardsbruka på Tjaldal. I dag (2026) er berre nokre restar av tuftene etter kvernene tilbake.
Kjelder
- Norgeskart.no
- SEFRAK-registeret (tre kvernhus)