Rygnestadtunet
Rygnestadtunet er eit særmerkt gardstun på Rygnestad i Valle kommune, om lag ei mil nord for Valle sentrum. Tunet er autentisk, bygningane er bygde der dei står og er ikkje flytt til tunet. Einaste unntaket er kvernhuset. Den eldste delen av stogehuset er frå tida før Svartedauden, medan dei nyaste bygningane er sett opp på 1900-talet. Garden har vore museum sidan 1940, då Setesdalsmuseet overtok anlegget, der det ikkje hadde budd folk sidan 1919. Stogehus og dei to lopta vart freda i 1923.
«Vonde-Åsmund»
Rygnestadtunet er garden etter segnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad (ca. 1540–ca. 1596). Vonde-Åsmund var ein av bondeførarane i Valle i dei urolege tiåra etter reformasjonen. Han skal ha vore leigesoldat i Europa, og i det spesielle loftet på garden heng nokre av dei sjeldne måleria og gjenstandane som av den grunn skal ha kome til Rygnestad.
Rehabilitering
Sommaren 2024 vart det sett i gang eit større rehabiliteringsprosjekt som også gjekk i 2025. Det første delprosjektet var å vøle taket på våningshuset. Det er bygd saman med det trihøgda loptet, noko som gjorde restaureringa krevjande, for tredje høgda vart bygd først. Ved rehabiliteringa måtte ein drenere, rette opp konstruksjonen, montere vindauge og legge nytt torvtak.
Kjelder
- Setesdalsmuseet - Valle, brosjyre, 2015
- Olav Åsen Haugsgjerd, Vølinga i gang på Rygnestad, artikkel i Setesdølen nr. 42, 2024, side 4
- Sigurd Haugsgjerd: Restaurerer Rygnestadtunet og Tveitetunet i sommar. Artikkel i Setesdølen nr. 45, 2025 side 9
Sjå også
Eksterne lenker
- Fleire bilete av Rygnestadtunet
- Om Rygnestadtunet på nettsida til Setesdalsmuseet
- Stykke om "nyestog" i Rygnestadtunet på Setesdalssida
- Stykke om "gamlestog" i Rygnestadtunet på Setesdalssida