Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord er eit lokalhistorisk hefte om gamle ridestiar, kløvvegar, kjerrevegar og bilvegar, altså samferdsla i eldre tider, i området rundt Byglandsfjord, Moseid, Senum og Vassend. Utgjevingsår er 2017. Forfattar er Reidar Tveito. Ved sida av mykje interessant lokalhistorisk stoff, inneheld heftet ei stor mengde historiske og nyare bilete. Dei fleste bileta er forfattarens eigne. Heftet er trykt hos Bjorvand & Co AS i Kristiansand. Det har 68 sider. Pris: 160 kroner. Heftet er å få kjøpt mellom anna hos Norli Evje. ISBN 978-82-998304-9-2.
Innhald
- Innleiing (side 3)
- Den gamle ridestien, Futevegen (side 4)
- Kjerrevegen frå 1804 frå Moseid og Senum (side 19)
- Snarvegen gjennom Runebergmoen (side 29)
- Strandgata på Byglandsfjord (side 35)
- Ja-benken frå 1887 er eit minne om ei vegomlegging (side 39)
- Frå kløvsti og kjerreveg til veg for automobilar (side 47)
- Årstal, kjelder og tidlegare skrifter (side 67)
Kjelder
- Heftet