Espetveit (Valle)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå og Espetveit (Evje og Hornnes gnr. 29)
Espetveit sett frå Einang 28. juli 2022.

Espetveit er ein gard i Valle kommune (gnr. 32). Han ligg på omlag 410 m.o.h. på grensa mot Homme, nordaust for Haugum heilt nord i Tveitebø. Espetveit er ein del av det nørdre beitelaget der. Namnet uttalast /es`petvait/, og tydar ospeskog. Garden skal aldri ha hatt plass, og omkring 1615 blei den delt i to bruk. Grunna skyldsetting av småteigar var garden delt inn i fem bruksnummer i 1981. Totalt har den hatt tre gardsnummer; fram til 1838 var det 46, 1838-1889 30, og frå 1889 til no er det 32.

Garden si historie kan førast attende til tida før svartedauden (ca. 1350), og i Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne ser me at garden i 1595 var kalla Espettuedt, i 1601 Espetuett og i 1723 Espetved.[1] I 1661 hadde garden to slåttestøylar, og ni år seinare tre slåttestøylar, ei flaumkvern og eit lite fiskevatn. Rundt eit halvt sekel seinare viser førearbeidet til den nye matrikkelen at garden ikkje var av dei rikaste i bygda. Den blei då omskrive som ein gard med kvern til husbruk, men som var tung å drive, utan noko vidare skog og med skrale slåttestøylar.

Espetveitgardane hadde tre støylar i Finndalen som dei skifte på å bruke det eine året satt dei på Åve, det neste på Reinsstøyl og så på Vom føre dei gjekk tilbake til Åve att. I Stavedalen ligg ei bu ved Røyrvatn, og dessutan to støylar: Nyestøyl (b.nr. 1) og Gloseli (b.nr. 2).

Som på så mange andre gardar emigrerte og bruksfolk på Espetveit til Amerika. I 1853 fór Knut Halvardsson frå b.nr. 1, og rundt 1878 Karolus Johannesson frå b.nr.2.

Kjelder og referansar

  • Ryningen, Alfred: Valle kommune - gardssoge bind V, s. 262-266. Bergen 1987, ISBN 82-99133440.

Kart

Laster kart ...