Finndalen

Finndalen er eit dalføre som går i nord-sørleg retning mellom Valle i Setesdal og Fyresdal i Telemark, sør for Fylkesveg 45 mellom Rotemo og Dalen i Telemark. Høgda over havet er kring 690 meter rundt Fisstøylvatnet.[1] Gjennom Finndalen renn elva Finndøl, og lengst sør i dalen ligg det store Hovvatn-magasinet. Delar av Finndalen er såleis sett under vatn.
Historie
Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt Hovvatn, Fisstøylvatnet og Raudvatnet i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder.[2] Ein veit også at det var fast busetnad i dalen frå folkevandringstida (400–500 e.Kr.) eller tidleg merovingartid (570–800 e.Kr.).[3] Segnet fortel at her levde både konge, prest og vanlege folk. Men noko kongssete har arkeologane enno ikkje funne. Svartedauden (1349–1350) og andre forhold gjorde at dalen etterkvart vart avfolka. Den siste faste busetnaden i dalen tok slutt i 1880-åra. Då gjekk heiegarden Torsdalen ut av historia. Men stølsdrifta heldt fram i mange år etter det. Finndalen var den viktigaste støls- og slåttedalen for bøndene i Valle.[4] Hovstøylane ved Hovvatn, Funnestøyl, Viki, Ækra, Gamasbø, Nyestøyl, Gjuvasstøylen og Fitstøyl var nokre av desse støylane. Rundt 30 støylar skal det har vore alt i alt. «Dei siste kyrne tusla heim or Finndalen så seint som i 1961», skriv Leonhard Jansen i eit stykke om Finndalen i Jol i Setesdal 2001. Den kjende Bispevegen mellom Valle og Fyresdal gjekk gjennom Finndalen. Her kan du lese meir Om Fisstøyl i Finndalen.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 20 og side 307-311
Litteratur
- Bispevegen gjennom Finndalen
- Leonhard Jansen, Då det budde folk på heiane, stykke i Jol i Setesdal 2001, side 20-23
Eksterne lenker
Referansar
- ↑ Leonhard Jansen, Då det budde folk på heiane, stykke i Jol i Setesdal 2001, s. 20
- ↑ Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 22
- ↑ Vandringer i Setesdal Austhei, side 308
- ↑ Vandringer i Setesdal Austhei, side 308–310