Haugum

Haugum er ein gard i Valle kommune (gnr. 33). Den ligg på omlag 390 m.o.h., sørvest for Espetveit i grenda Tveitebø. Haugum er er ein del av det nørdre beitelaget. Bispevegen kjem ned i Valle mellom Haugum og Nørdre Hoftuft, mens Haugebekk ligg mellom Espetveit og Haugum. Namnet uttalast /hau`gom/, og tyder haug.
Garden skal aldri ha hatt plass, men Johanne Olsdtr. på bnr. 1. hadde ei stoge i Bursvodden fram til ho døydde i 1925. I eit brev frå 1585 er det tydeleg at garden er einbølt, og den blei delt i to bruk i 1628 då ei kontrakt ga Eivind Ulvsson Hoftuft og svogeren Olav Olsson Kvasaker heimel. Seinare, kanskje alt i 1650-åra, blei bnr. 2. delt i fleire mindre partar. I 1981 var garden delt inn i fire bruksnummer. Totalt har den hatt tre gardsnummer; fram til 1838 var det 44, 1838-1889 31, og frå 1889 til no er det 33.
Valle Gardssoge seier at garden kan ha blitt til i eller litt etter vikingtida, og i Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne ser me at garden i eit brev frå 1504 var kalla Hawgum,[1] i 1595 Hougaar og Hoffuee, Hougaard i 1601, Høugen i 1668 og Houger i 1723.[2] I 1661 hadde garden to (slåtte)støylar, og ni år seinare ein slåttestøyl og ei flaumkvern. Matrikkelframlegget frå 1723 visar at Haugum er lett å drive og har eigen kvern, men utan vidare skog og støylar. I 1802 nemnest eit godt beite, men garden har for lite skog til husbruk.
Bnr. 1 hadde fire støylar som Oppistog frå gamalt av hadde rett til å vere med i buene til: Skålbulii, Flottin, Nuten og Juvvatn. Seinare kjøpte Oppistog tre av desse støylane frå b.nr. 1: Skålbulii, Nuten og Juvvatn.
Ras
To gonger har garden blitt ramma av ras, den var ein av dei gardane som vart hardast råka 5. august i det store rasåret 1793 og igjen i 1806.
I 1793 hadde 30-40 ras starta i lia 2-3 km oppafor garden. Rasa hadde teke med seg alt som var i vegen, og flytt det ned på innmarka der det ikkje berre hadde lagd seg over åkrar og vollar men òg skipa tre store demningar. B.nr. 1 mista åkerland til ein sånad på 3 tunnor og ei høyavling på 4,5 - 6,5 tonn per år. På heii gjekk ein støyl og nokre slåtter tapt, buskog og to høybuer. Garden blei friteken for skatt i 10 år for å bøte på tapa det året.
Trettan år seinare gjekk eit nytt ras, og Johannes Skar fortel om dette at:
Det stod nær med Haugom, at det hadde reist. Råsi la beint imot husi. Då lova Ånund Haugom beste bjøllekyri han åtte. Med same kløyvdest råsi: noko tek sør um husi og noko nordigjenom djuvet. Men Ånund var dekne i Valle.
Det var jamt med «Kos-skre» råsi tok ut, midt upp fyre «Syndri Homm». Ho gjekk inn i Rota i Homm og noko inn i Tveitebø.
Bruksnummer
Haugum, b.nr. 1
I 1628 blei bølet delt, og Olav Olsson Kvasaker vert den fyrste eigaren av bruksnummer 1 som ligg vest for Espetveitvegen. Olav skal visst helst ha sete på Kvòsåk, medan sonen hans, Odd Olsson Kvasaker, skal ha vore på Haugum.
Oppistog, b.nr. 2
Oppistog ligg aust for Espetveitvegen og litt høgare i lii enn b.nr. 1. Her budde bjørnejegaren Arne Eivindsson Haugum (fødd 1770) som skaut tre voksne bjørnar i 1801 og synte skinna på tinget for å få utbetalt skotpremien. I 1845 selde han Oppistog til Bjørn Eivindsson Dale for 150 spesiedalar, og året etter reiste han til Amerika saman med sonen Eivind og huslyden hans. Fleire skulle fylgje i hans fotspor, mellom anna sersjant Arne Ånundsson Bø og familien som reiste i 1874.
Kjelder og referansar
- Ryningen, Alfred: Valle kommune - gardssoge bind V, s. 232-261. Bergen 1987, ISBN 82-99133440.