Bygland bibel- og naturcamp 2014
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygland bibel- og naturcamp 2014 vart arrangert på KVS Bygland frå 29. juni 2014 til 6. juli 2014. Talarar på kveldsmøta, som starta klokka 19.30 kvar kveld, var var Arne Arnesen, Edvard Foss og Tommy Greibesland, medan Johannes Kleppa hadde bibeltimane klokka 10 kvar dag. På same tid som det er bibeltimar, er det samling for barn og unge med Edvard Foss og Oddlaug Kleppa. På dagtid var det utflukter, også med fjellturar.
Spesielle program
- Tysdag 1. juli
- Kulturkveld. Johannes Kleppa kåserer om Bedehuset - misjonshus og kulturhus
- Onsdag 2. juli
- Elgsafari etter kveldsmøtet
- Torsdag 3. juli
- Bowling-tur
- Fredag 4. juli
- Fiskekonkurranse med premie for minste fisk, største fisk og flest fisk
- Laurdag 5. juli
- Leirdueskyting, gravemaskinmoro,
- Klokka 16: Båttur med Bjoren med Svein Kleivane som guide
- Klokka 18: Konsert i Bygland kyrkje med Charlie Blackwater på munnspel
- Sundag 6. juli
- Klokka 11: Familiegudsteneste i Bygland kyrkje ved sokneprest Lønningen. Sundagsmiddag på KVS Bygland etterpå
Kjelde
- Olav Nilsen: Åndeleg påfyll mellom fjord og fjell. Artikkel i Setesdølen nr. 51, 2014 side 3