Bygland kyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygland kyrkje.

Bygland kyrkje er ei korskyrkje bygd i 1838 av Anders Torson Syrtveit etter teikning av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Kyrkja har 250 plassar og galleri og vart vigsla 18. november 1838 av prost Ole Berg frå Evje. Kyrkja ligg på austsida av Riksveg 9 i Bygland.

Altertavla

Altertavla har motiva «Jesus i Emmaus» og «Himmelfarten» av Lars Osa. Trearbeidet til altertavla og preikestolen er laga av Lars Olsen Stedjan frå Bjelland. Alterduken er sydd av Torhild Nese i 1976 og krusifikset er laga av Salve B. Kjetså i 1925.

Orgelet

Orgelet i Bygland kyrkje er eit tysk Hollenbach-orgel frå 1890. Det hadde stått i Tolga kyrkje før det kom til Bygland i 1925. I 1984 vart det utvida med fire stemmer.

Kyrkjeklokke

Kyrkja har ei gammal klokke, men fekk ei ny i 1938 laga av O. Olsen & Søn med inskripsjonen:

Ring for heile folkehopen
Ring og kim i nord og sud
Til me skodar himlen open
Til me fær ein smil av Gud

Aktivitet

Nedslagsfeltet til Bygland kyrkje er om lag 500 menneske. I 1992 var det 24 gudstenester med eit gjennomsnitt på 87. Dei gongene det var nattverd, var gjennomsnittleg deltaking 25 personar, det var 4 døypte, 7 konfirmantar, 1 vigsel og 8 jordfestingar det året.

Sjå også

Kjelde

  • Alf Henry Rasmussen: Våre kirker 1993 ISBN 82-7527-022-7 side 467


Bygland komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Bygland kommune
461px-NO 0938 Bygland svg.png
Årdal kyrkje · Bygland kyrkje · Sandnes kapell · Sandnes kyrkje · Austad kyrkje
Fredheim bedehus · Grendi bedehus · Vonheim bedehus
Lokomotivstallen på Byglandsfjord · Bygdestova på Longerak · Grendi skule · Ose grendehus · Åraksbø grendehus