Valle skianlegg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lars Henrik Kåvenes i Valle skianlegg.
Foto: Åse Halvorsen

Valle skianlegg vart uformelt etablert av Hallvard Kjelleberg i Prestvodden i Valle på 1970-talet. Den første tida var det eit tautrekk drive av ein bensinmotor. Ei utrangert campinghytte frå Valle Motell gjorde teneste som varmestoge.[1]

I 1986 vart det oppretta som aksjeselskap etter ei utbygging med permantente fundament og stålkonstruksjonar. Men dårlege snøvintrar gjorde at anlegget år om anna hadde lita drift. Skitrekket var 400-500 meter, og eit dagskort kosta 70 kroner i 2004. Opningstidene i sesongen var frå 16 til 20 onsdagar og fredagar og frå 13 til 18 laurdagar og sundagar. Anlegget vart drive på dugnad av foreldre. Dei første åra var Olav T. Åkre styreleiar og leiar for dei mange fritidsdrivarne, seinare har Grunde Johnsen vore styreleiar.

Brokke Skianlegg vart etablert, vart skitrekket til Valle skianlegg demontert og flytta dit.

Kjelde[rediger]

Referansar[rediger]

Eksterne lenker[rediger]