Valle bil og maskin

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Valle bil og maskin

Valle bil og maskin er ein bilverkstad og maskinbutikk i Valle. Han ligg på Øyne industriområde og Henry Viki er eigar og var einaste tilsette til hausten 2012, då Hallgeir Berg tok til i halv stilling. I april 2016 var det tre tilsette i verksemda: Henry Viki, Hallgeir Berg og Bjørn Tore Hoslemo. Verkstaden er MECA-verkstad som reparerer alle slags bilar, gjev service og utfører EU-kontrollar. Verkstaden satsar og mykje på Honda og leverer grasklypparar, snøfresarar, aggregat og andre Honda-produkt. Verksemda vart etablert i 2009.

Det første heile driftsåret, 2010, var omsetninga 2,8 millionar kroner. I 2015 hadde ho stige til over 5 millionar. Våren 2016 vart det bygd ny butikk ved verksemda.

Kjelder

Eksterne lenker